Status-sjekk
- April 28th, 2012
- By Holo
- Write comment
Kings of Lien har sidan sin trange fødsel hausten 2009 no hatt over 50 konsertar, smått og stort irekna. Og dette er vi særs fornøgd, og evig takknemlege for! Bandet slik det framstår idag er eit resultat av mykje øving, hardt arbeid, ei stor dose pur-faen, og eit varmt vennskap. Men kor går vegen vidare.. ?
Dette er eit spørsmål vi i bandet får ofte, både av vener og av booking-agentar. Som Rune på Ryk&Reis i Hafjell så kjærlig sa det; “det e mulig dokker ska ta eitt års pause, men dokker ska faen mæ stå på den scena igjen!” Dette varmer eit amatørmessig coverband-hjarte.
Kings of Lien er ein gutedraum som har gått totalt ut av kontroll og langt utover proporsjonar. Det vi har fått opplevd gjennom dei drøyt to siste åra er det ingen av oss som nokon sinne kunne tenke seg. Vi har blandt anna spelt for 20 stk på Fagernes camping i Høyanger, og vi har spelt for 1100 stk på utescene (kun for oss) på Lillehammer, samtidig som vi har spelt for fulle hus i fleire av landets fylker. Vi har sitti backstage og prata skit med store norske band og artistar på store festivalar, og vi har spelt som pauseunderhaldning og hatt backstage baki ein 2007 modell Ford Connect… Likevel set vi like stor pris på dei store arrangementa som dei litt mindre. Vi føler oss privilegerte som får reise rundt og oppleve så mykje spennande gjennom noko som for oss alltid har vore meint som ein hobby. Til alle konsertarrangørar rundt om i landet: Tusen takk!
Men, det store spørsmålet er jo framleis kva skjer etter sumarferien ?
Spørsmålet er ikkje lett å svare på. Vi kan ikkje heilt seie vi skal legge opp, men vi kan heller ikkje seie vi skal fortsetje i det uendelige.. Vi har alle visst at skuleåret 2011-12 var eit bonus-år for Kings of Lien, då fleire av bandmedlemma fortsatte å bu i Sogndal blandt anna på grunn av den gode framgangen i bandet. Utover denne hausten vil vi meir som fade ut bandet. Det vil seie at vi tar imot speleoppdrag og takkar ja dersom det lar seg gjere. Spelegleden vår vil aldri gje seg, og kameratskapet vil aldri dø! Men det er blitt ein realitet at bandmedlemma fløt til ulike delar av verda, og nokon kontinuitet i øving og reportoarutvikling vil ikkje vere like enkelt. Og det er jo tross alt det som er noko av kjennemerke vårt; at vi stadig fornyar oss.
- Det er ei tid for allting, og tida går så fort. Me ser attende og er glad for alt me har gjort og opplevd, og vi gler oss til alle dei kommande konsertane, store som små.
Kings of Lien 4 ever.













